18. januar 2004
Skrivevegring? Nei takk!
Blogge-året har starta med ein periode med skrivevegring frå min side. Ein effekt av å blogge med eit visst ambisjonsnivå er kjensla av at "no er det så lenge sidan sist eg blogga at no bør eg helst skrive noko kjempelurt".
Så langt har eg har fundert på mellom anna:
- Å "ta ein Jakob" og oppsummere trendar frå året som gjekk og kome med spådomar og forsett for det nye året (norske nettbutikkar vil rette nokre småfeil, men fortsatt ha langt igjen til å vere brukarvennlege for "folk flest". Syndikering og metadata vil kome på agendaen i det offentlege, men privat næringsliv heng langt etter. Osb.) Men det er jo fullstendig ut å spå om framtida likevel...
- Eg har også vurdert å skrive ein analyse av kanal24 sin målgruppestrategi for å konkludere med at "design for gjennomsnittet" (den gjennomsnittlege lyttaren er kvinne, 32, og liker Elton John) er dømt til å mislykkast, i tråd med Alan Cooper sine konklusjonar om personas.
- Eller om kor mykje Jakob Nielsen og Ingrid Espelid Hovig eigentleg har til felles... (begge har veldig ofte rett, men må takast med ei klype salt. Begge representerer tradisjonen, og er kanskje ikkje så veldig åpne for nye innsikter frå andre områder sjølv om dei liker å gje inntrykk av det, osv.)
Men det vil seg liksom ikkje. Jobb og famileliv krever jo sitt. Kanskje ligg ambisjonsnivået mitt som ei sperre. Kanskje er det ein konsekvens av at juleferien fortsatt heng igjen. Eller kanskje bør eg rett og slett lære meg å "slappe litt meir av", slik det siste og kanskje viktigaste rådet til Mark Bernstein om å skrive for den levande weben lyder:
Don’t take yourself too seriously.Do let your work on the Living Web flow from your passion and your play, your work life and your life at home. Establish a rhythm, so your writing comes naturally and your readers experience it as a natural part of their day or their week. But if the rhythm grows onerous, if you find yourself dreading your next update or resenting the demands of your readers, if you no longer relish your morning web routine or your evening note-taking, find a new rhythm or try something else. Change the schedule, or voice, or tone. Switch topics. Try, if you can, to resist the temptation to drop things entirely, to simply stop.
Så dette skal være det enkle målet for 2004: Å få det ut, sjølv om eg kanskje ikkje alltid er 100% fornøgd. Heller kanskje publisere litt fleire lenker med ein liten kommentar. Og av og til, når inspirasjonen er der, skrive banebrytande artiklar som får folk til å skjønne at mennesker er viktigare enn teknologi.
For å oppsummere strategien min for det nye året vil eg difor sitere rap-gruppa Dirty Oppland: Poenget må vere å legge lista så høgt at du kan gå under den med rak rygg...
18.01.2004, 23:09 in Blogging | Fastlenke
Kommentarar
Et lite triks som ofte hjelper mot skrivevegring grunnet eget ambisjonsnivå er å poste litt på Usenet. ;-)
Posted by: Håkon Styri at 18. jan.. 2004 23.56.30
Tilbaketråkk
Tilbaketråkk-URL for dette innlegget:
http://www.typepad.com/services/trackback/6a00d83455881869e200d8342467ec53ef
Bloggar som refererer til Skrivevegring? Nei takk!:

