25. august 2004
Ein kanon for brukaropplevingar
Beklager at ein tidlegare versjon av denne saken gjekk "på lufta" utan at lenka videre fungerte. Dette skuldast at eg leika meg litt (for mykje) med offline-blogg-editoren ecto.
På forespørsel: her er 10 bøker som alle som utvikler interaktive brukaropplevingar bør ha lest. Lista tek hovudsakleg for seg praktisk retta innføringsbøker for fagområda brukskvalitet, interaksjonsdesign og informasjonsarkitektur, samt nokre meir generelle bøker om design av brukaropplevingar.
(Fagområder som ikkje er med på denne lista, men som burde fått plass på ei utvida liste, er m.a. bøker om tekstutforming, grafisk formgjeving, standardbasert web-utvikling og webpublisering.)
1. Don't Make Me Think!
Av Steve Krug om brukskvalitet
Dette er simpelthen den mest lettleste, inspirerande og givande boka du kan finne på lese om brukskvalitet (eller usability om du vil). Du les ut heile boka på ein kveld, og sit igjen med ein god, grunnleggande forståelse av dei viktigaste problemstillingane innanfor fagområdet, inkludert gjennomføring av brukartestar.
Bokomtale på amazon.co.uk
2. Information Architecture for The World Wide Web
Av Louis Rosenfeld & Peter Morville om informasjonsarkitektur
Isbjørn-boka er Bibelen for alle informasjonsarkitektar. Dekker med ein grundigheit som vel berre er bibliotekarar forunt alle relevante aspekt ved IA-rollen, m.a. navngjeving, navigasjon, søk og metadata.
Bokomtale på amazon.co.uk
3. The Elements of User Experience
Av Jesse James Garrett om design av brukaropplevingar
Den beste tverrfaglege innføringsboka, basert på forfattaren sin originale modell (PDF) som skisserer forholdet mellom dei ulike fagområda som må samspele for utvikle gode brukaropplevingar. Boka har ikkje fokus på praktiske teknikkar og verktøy, men på heilheitsforståing og prosess. Lettlest.
Bokomtale på amazon.co.uk
4. Information Architecture: Blueprints for the Web
Av Christina Wodtke om informasjonsarkitektur
Christina Wodtke er m.a. gudmor for boxesandarrows og ei særdeles oppgegåande dame med godt tverrfagleg overblikk. Boka er svært praktisk orientert og gir ei grunnleggande innføring i typiske IA-verktøy som wireframes, innhaldskartlegging, kortsortering, osb.
Bokomtale på amazon.co.uk
5. About Face 2.0: The Essentials of Interaction Design
Av Alan Cooper om interaksjonsdesign
Grundig gjennomgang av alle relevante aspekt ved interaksjonsdesign, komplett med aksiom, tips og praktiske eksempel. Overvekt av fokus på tradisjonell applikasjonsdesign, men særdeles nyttig også for webdesign. Inkludert grundig gjennomgang av personas-metodikken, som er utvikla av Cooper.
Bokomtale på amazon.co.uk
6. The Inmates Are Running the Asylum
Av Alan Cooper om interaksjonsdesign
Her legg Cooper fram "caset" for interaksjonsdesign, med særdeles gode analogiar og tankevekkande argumentasjon.
Bokomtale på amazon.co.uk
7. Designing Web Usability: The Practice of Simplicity
Av Jacob Nielsen om brukskvalitet
Nei, eg er ingen Jacob-disippel, men denne boka er faktisk ganske bra. Sjølv Christine Wodtke, som elles framstår som ein av dei kraftigste kritikarane av Jacob sine overforenklingar, omtaler denne boka som "his finest moment in print". Oppsummerer i grove trekk dei fem første åra av Jacob sin Alertbox (dvs. mens han enno snakka fornuft og ikkje hadde fortapt seg fullstendig i sitt eige guru-ego).
Bokomtale på amazon.co.uk
8. Defensive Design for the Web
Av Matthew Linderman & Jason Fried om defensiv design
Denne har eg ikkje fått lese enno, anna enn dette eksempel-kapittelet (PDF) om skjemadesign. Men basert på dette kapittelet og kjennskap til det andre arbeidet til gutta i 37signals, burde det være 100% trygt å anbefale boka. Tema er "defensiv design", eller korleis forebygge og håndtere feilsituasjonar gjennom feilmeldingar, utforming av hjelpetekstar, validering av skjema, osb.
Bokomtale på amazon.co.uk
9. The Design of Everyday Things
Av Donald Norman om praktisk brukskvalitet i kvardagen
Dette er den klassiske introduksjonsboka til fagfeltet Menneske-maskin-interaksjon, der nestoren på feltet forklarer kvifor kvardagslege objekt som dørhandtak og lysbrytarar er så vanskeleg å bruke. Første gong publisert i 1988, men fortsatt høgrelevante forklaringar av sentrale omgrep som affordance, mentale modellar, naturleg mapping og feedback.
Bokomtale på amazon.co.uk
10. Emotional Design: Why We Love (Or Hate) Everyday Things
Av Donald Norman om design
I seinare tid har the Donster også innsett at brukskvalitet slett ikkje er alt, og i den siste boka si forklarar han den viktige rolla kjenslene våre spelar i brukaropplevinga. "I will accept poor usability if I get what I need, if the total experience is great. I will reject perfect usability if I am not rewarded with a useful, engaging experience."
Bokomtale på amazon.co.uk
Kva synest du? Mangler det bøker på lista? Gi gjerne kommentarar i feltet nedanfor.
Fleire relevante bokanbefalingar:
- Our Favorite Books: Recommendations from the Staff of Boxes and Arrows
- D. Keith Robinson: A Rant and A Few Resources For The Well Rounded Web Craftsman
25.08.2004, 12:18 in Tverrfagleg | Fastlenke
Kommentarar
Bra liste!
Men det ser ut som du har byttet om bildene på bok nr. 9 og 10. :-)
Posted by: Bjørn Wang at Aug 29, 2004 6:00:28 PM
Takk for observant lesning! Feilen skulle være retta no.
Posted by: Are Halland at Aug 29, 2004 7:47:44 PM
Takk for tipsene, Are! Har akkurat begynt på masteroppgave i informatikk, der jeg skal skrive om interaksjonsdesign. Har allerede halvparten av bøkene på lista, men jeg fikk nå gode tips til hvorfor jeg bør kjøpe resten av bøkene... Takk skal du ha! :-)
Jeg har skaffet meg en bok som du ikke har på lista: "Interaction Design: Beyond Human-Computer Interaction" av Preece, Rogers og Sharp. Har ikke fått lest den enda, men den ble anbefalt til meg av en foreleser. Vet også at de bruker den på et HCI-kurs på UniK. Kanskje noe for lista?
Posted by: Ram Yoga at Sep 15, 2004 5:20:08 PM
Tilbaketråkk
Tilbaketråkk-URL for dette innlegget:
http://www.typepad.com/t/trackback/1032252
Bloggar som refererer til Ein kanon for brukaropplevingar:

