16. desember 2004
Ein liten søkesensasjon
Mange har sikkert fått med seg Google Suggest; ein beta-versjon av eit nytt grensesnitt til Google som "gjettar" seg fram til kva du søker etter mens du skriv.
Sjølv om teknologien ikkje er heilt ny, representerer denne formen for forhåndsvisning av informasjonsrommet du søker i ein liten sensasjon ifht. kva som er mulig i web-søk.
Eit generelt problem med "tradisjonelle" web-søk er at brukaren ikkje får nokon som helst innsikt i informasjonsrommet før han eller ho fysisk trykker på søk-knappen. Dermed blir det å søke litt som å famle i blinde; helst bør du vite kva det er mulig å søke etter før du utfører søket.
Sagt på ein annan måte er det svært lite informasjonsteft i eit søkegrensesnitt; det er ingen tekstlege eller visuelle hint i grensesnittet som hjelper deg fram til målet ditt.
Dette problemet råder Google no bot med, gjennom å vise deg konstruktive forslag til søkefraser før du trykker på knappen.
Andre fordelar er mellom anna:
- Forslaga reduserer risikoen for feilstavingar, ettersom meir korrekte stavemåtar blir foreslått framfor andre.
- Forslagslista ser også ut til å fungere godt til disambiguering av visse typer søkeuttrykk, dvs. avklare kva for ei meining du er ute etter når eit ord har fleire tydingar.
- Ved å foreslå samansette søkeuttrykk (meir enn eit søkeord) kan søket gi meir spesifikke treff, og sannsynlegvis også meir relevante treff.
- Forhåndsvisninga av antall søketreff gir også nyttig tilbakemelding som kan hjelpe til i evalueringa av om søkefrasen er "riktig".
Foreløpig fungerer Google Suggest heller dårleg for norskspråklege søkeuttrykk, men anna er vel ikkje å vente så lenge tenesta såvidt er lansert i beta?
Google Suggest banar også veg for eit aldri så lite paradigmeskifte for kordan kommunikasjon med server kan foregå på ei web-side, sjølv om heller ikkje dette er heilt nytt. Nok eit viktig steg på vegen mot den sidelause weben?
Les meir:
16.12.2004, 20:16 in Søk | Fastlenke
Kommentarar
Morsom sak det der, og det sier også litt om hvor sentral søk er som inngansport for mange brukere. Nesten hver bokstav inneholder en URL på lista, som viser at mange heller søker etter en URL enn å skrive den direkte inn i adressefeltet på browseren.
Posted by: Vegard at 20. des.. 2004 01.04.26
Jeg vet ikke om det er herfra de har fått ideen. Men makan til elendig brukervennlighet skal du lete lenge etter. Jeg referer til søkefunksjonen på http://www.skiinfo.no/ (i navigasjonen).
Jeg måtte faktisk kontakte dem for å få vite hvordan det funker (evt. ikke funker). Det ser ut som et fritekstsøk, men det er det ikke...
Posted by: EspenO at 14. mars. 2006 18.03.33
Tilbaketråkk
Tilbaketråkk-URL for dette innlegget:
http://www.typepad.com/services/trackback/6a00d83455881869e200d8343a898353ef
Bloggar som refererer til Ein liten søkesensasjon:

