15. februar 2005

"Super-BITS-meetup" 6. april

Alle i fagmiljøet bør halde av eit par timar på kvelden onsdag 2. mars 6. april. Vi (dvs. Superlim, BITS og IA-meetup) prøver å få til ein felles, uformell møte-arena for alle som steller med brukaropplevingar, informasjonsarkitektur, interaksjonsdesign, usability, brukarvennlegheit eller kva du no ønsker å kalle dyret ditt. Og øl er definitivt involvert.

Gå til IA-meetup for å melde fra om du kan eller ikkje.

Vi jobber fortsatt med formalitetane i samarbeidet og med å finne eigna sted for evenementet. Gi beskjed dersom du veit om ein stad med følgande kjenneteikn:

  • er relativt sentrumsnært, med gangavstand frå buss/trikk/t-bane
  • har eit eigna rom vi kan låne gratis, der vi iallefall kan vere aleine første onsdag i månaden frå 18/19-21
  • rommet bør ha plass til cirka 30 personar, i ei form for gruppering der det er mulig å prate saman
  • det bør være mulig å kjøpe øl/drinkar/farris/mat/o.l.
  • rommet bør ha muligheit for å slenge opp ein prosjektor om nødvendig, og gjerne ha nettforbindelse (eller wlan i nærheita).

Det siste punktet er det minst viktige. Gå til diskusjonsforumet på ia-meetup hvis du har forslag eller synspunkt på møtestad.  

Litt bakgrunn

Det har blitt gjort fleire forsøk på å få i gang uformelle fagtreff med meir eller mindre øl involvert. For å oppsummere kort:

  • Underteikna prøvde å dra i gang IA-meetup i 2003.
  • Mitt initiativ kom imidlertid samstundes med at Superlim kom på banen, noko som medførte at IA-meetup blei til Superlim.
  • Superlim har etter dette avholdt fleire arrangement, men vi har ikkje lukkast å få til faste, uformelle treff meir enn ein handfull gongar.
  • I mellomtida har BITS - Dataforeninga si faggruppe for Brukervennlige IT-systemer - sine uformelle treff lagt meir eller mindre brakk. Dette trass i ein lang historikk med bl.a. pubmøter heilt tilbake til 1993.
  • Og nyleg gjort Eystein Vigerust eit prisverdig forsøk på å gjenopplive IA-meetup.
  • No prøver vi imidlertid å slå alle gode krefter saman for å få til faste treff.

Fortsatt forvirra? Hald av onsdag 2. mars 6. april og andre første onsdagar i månaden, så kan vi snakke om det! Fagmiljøet i Noreg er uansett for lite til at vi kan ha for mange slike initiativ. Og det å møtest uformelt over ein øl med faste mellomrom er for viktig til å la det være!

Oppdatering 20.02: Jacob Nordan minner om at 6. april kræsjer med CHI2005 i Portland, men eg reknar med at ikkje heile fagmiljøet har budsjett til USA-tur sjølv om prosjektsituasjonen er lysarer i år? Vi andre får heller bruke kvelden til å klage over kvaliteten på CHI...

15.02.2005, 22:05 in Superlim, Tverrfagleg | Fastlenke

Kommentarar

Jeg vil gjerne inn på mailinglisten hvis du har en.
Dessverre kan jeg ikke 6. april (uten at jeg heller er i portland...)

men håper på begynnelsen av mai, da

Posted by: julie rafn at 1. mars. 2005 11.02.06

Påmelding til superlim-lista finn du her:
http://groups.yahoo.com/group/superlim/

Aktiviteten er imidlertid heller laber, så viss du har noko å bidra med (spørsmål, synspunkt, idé, etc.) så få det for all del ut på lista!

Posted by: Are Halland at 1. mars. 2005 13.29.34






Tilbaketråkk

Tilbaketråkk-URL for dette innlegget:
http://www.typepad.com/services/trackback/6a00d83455881869e200d834234ab853ef

Bloggar som refererer til "Super-BITS-meetup" 6. april:

» http://sleepyhead81.blogspot.com/2005/03/usability-meeting-in-oslo.html from
[Les meir]

Registrert 18. mars. 2005 23.32.44