4. september 2005

Guide til Euro IA i Brussel

Programmet for den første europeiske IA-konferansen i Brussel er no omsider klart og lagt ut på euroia.org. Min kjære Mona har fått innpass til å snakke om "IA in Norway - Getting Media and Market Attention", og dei øvrige innlegga ser også ut til å halde høg kvalitet.

Så bli med meg og Mona til Brussel! Det er redusert pris for registrering fram til 8. september, og er du usikker på faglege kvaliteten på konferansen følger nokre kommentarar til nokre av dei 14 innlegga:

Eg har nevnt tidlegare at eg  har stor respekt for Andrew Dillon og difor ser fram til keynoten hans i Brussel med stor spenning. Her er forøvrig lenka til keynoten hans frå IA-summit i Montreal som powerpoint.

Peter Bogards er mannen bak den fantastiske ressursbloggen Infodesign, og i Brussel skal han snakke om kva det europeiske IA-miljøet har å stille opp med under tittelen "IA in a European Dimension: Strengths, Weaknesses, Opportunities, and Threats".

Så skal altså min kjære Mona snakke om "IA in Norway - Getting Media and Market Attention", som m.a. vil gi ein case-gjennomgang av julehandel- og søkerapportane vi har utført i ex-IconMedialab, no WM-data UX. Er det verdt det, kva får vi ut av det, og kordan kan det gjerast betre?

Eg ser også fram til å høyre Margaret Hanley & co snakke om "Getting Around the BBC: Developing Global Navigation for Large Content Sites". BBC har sannsynlegvis Europas største og mest oppegåande IA-miljø, og ikkje minst nokre enorme utfordringar med å tilgjengeleggjere gigantiske mengder innhald. Har dessutan høyrt Margaret snakke før, og veit det blir bra.

Eg sjølv skal forøvrig presentere navigasjons-posteren min basert på hovudoppgåva mi (sjå også HallandNavigationHandoutIasummit05.pdf).

Men dette er altså berre nokre få av postane på programmet i Brussel 15.-16. oktober. Det eg personleg gler meg mest til er å møte resten av det europeiske IA-miljøet, og særleg britane som eg veit har svært mykje å fare med.

Informasjonsarkitektur som eit relativt nytt fagfelt har hittil i (for?) stor grad vore definert frå den andre sida av Atlanteren, og denne samlinga er eit første skritt på vegen til å plassere Europa på IA-kartet: kva slags perspektiv kan vi tilføre, kva slags problemstillingar deler vi, og kordan kan vi føre fagfeltet vidare?

Om ikkje anna så har vi i Europa iallefall ein IA-tradisjonen heilt tilbake til 1934 med "Paul Otlet, the Man Who Wanted to Classify the World". Innlegget frå Paul Otlet-museet på konferansen bør difor vere dobbelt interessant. Sjå også Wikipedia si side om Paul Otlet.

Då sjåast vi i Brussel?

04.09.2005, 22:01 in Informasjonsarkitektur | Fastlenke

Kommentarar






Tilbaketråkk

Tilbaketråkk-URL for dette innlegget:
http://www.typepad.com/services/trackback/6a00d83455881869e200d8351e9f5c53ef

Bloggar som refererer til Guide til Euro IA i Brussel: