2. oktober 2005
Haster: Møtestad i sentrum, anyone?
Førstkomande onsdag er det UXnet med Kjersti Corneliussen, temaet er kommunikasjon i designprosessen. Problemet er berre at Christian Kvart, der vi har avheldt tidlegare treff, fortsatt ser ut til å være stengt!
Spørsmålet er difor: Veit du om ein anna serveringsstad i sentrum som:
- er relativt sentrumsnært, med gangavstand frå buss/trikk/t-bane
- har eit eigna rom vi kan låne gratis, eller der vi iallefall kan vere aleine første onsdag i månaden frå 18-21
- rommet bør ha plass til cirka 20-30 personar, i ei form for gruppering der det er mulig å prate saman
- det bør være mulig å kjøpe øl/drinkar/farris/mat/o.l.
- rommet bør ha muligheit for å slenge opp ein prosjektor om nødvendig, og gjerne ha nettforbindelse (eller wlan i nærheita).
Det siste punktet er det minst viktige.
Gi forslag som kommentar til denne artikkelen, eller send e-post til are[KRØLLALFA]halland.us. Takk!
Oppdatering: Scuba bar er stedet, med WLAN og alt. Takk til Sarah for tips!
02.10.2005, 22:29 in UXnet | Fastlenke
Kommentarar
Hva med Scuba Bar? Mannen min har brukt den til Meet-ups før og anbefaler den. Han sier at de til og med har en skjerm man kan bruke med prosjektor. Du kan kontakte daglig lederen, Vegard, på 45236126. Lykke til!
Posted by: Sarah Brodwall at Oct 3, 2005 4:26:42 PM
Strålande Sarah! Har snakka med Vegar, og det verkar som Scuba [http://www.scubabar.no] er eit godt alternativ. Til og med WLAN...
Posted by: Are Halland at Oct 3, 2005 11:02:39 PM
Tilbaketråkk
Tilbaketråkk-URL for dette innlegget:
http://www.typepad.com/t/trackback/3293117
Bloggar som refererer til Haster: Møtestad i sentrum, anyone?:

