8. oktober 2005

Ufatteleg bittert...

.. at eg dessverre ikkje får med meg Yggdrasil-konferansen, som starter i Tønsberg på mandag. Forsåvidt bra å ha mykje å gjere på jobben, men bittert når det går ut over sjansen til å møte resten av fagmiljøet og bransjen.

Men kona får det iallefall med seg, ho skal snakke om retorisk design (som er vår oversetting av captology + litt til). Så eg får heller være med i ånden.

Andre småbitre ting er at eg tapte lodd-trekninga med kona om kven som skulle få med seg UXnet-meetup med Kjerst Corneliussen forrige onsdag. Sånn er det når barnevakten sviktar i småbarnsfamiliar.

Men til helga har vi iallefall barnevakt. Bra trøst er det derfor at både eg og Mona og ein god handfull andre trivelige nordmenn, skal nedover til Euro-IA Brussel neste helg.

08.10.2005, 17:08 in Ymse | Fastlenke

Kommentarar






Tilbaketråkk

Tilbaketråkk-URL for dette innlegget:
http://www.typepad.com/services/trackback/6a00d83455881869e200d8355596a569e2

Bloggar som refererer til Ufatteleg bittert...: