24. august 2006
Firmablogg i all enkelhet
Få selskap her i landet kan få 100 kundar og konkurrentar til å møte opp til firmablogglansering. Likevel var det akkurat det som skjedde i ettermiddag når vi i NetLife Research lanserte vår nye firmablogg iallenkelhet.no.
Personleg er eg svært nøgd med sluttresultatet, som etter mi meining har dei fleste av elementa til ein vellykka firmablogg på plass:
- Først og fremst godt innhald allereide ved lansering, ettersom vi har tilbakeblogga (backblogga) fire års verdt av nyhetsbrev og anna innhald
- Tagg-basert navigasjon (som vi kallar stikkord i vår setting), elegant og intuitivt tilgjengeleg i footeren på sida.
- Gode og relevante Calls2Action i høgrespalta, i form av kalender, abonnering på nyheitsbrev og RSS osv
- Og mange andre småting eg er veldig godt fornøgd med (pluss enkelte bugs her og der som forhåpentlegvis vil gå seg til etterkvart)
Applausen etter avdukinga sto iallefall, om ikkje i taket, så iallefall i plastpresenningen som var spent over bakgården på Palace Grill. Eg skal også legge lenke til mitt innlegg om firmablogging her, så snart eg får publisert det borte på iallenkelhet.no :-)
Sjølv om eg no har fått ein ny baby i firmablogging, som nok vil få meir merksed frå mi side en brukaropplevingar.com har fått i det siste, så vil også den herværande bloggen leve vidare som min personlege fagblogg. Så følg med både her og der framover!
24.08.2006, 20:37 in Blogging | Fastlenke
Kommentarar
Lenken i bunn er en email-lenke. :-)
Posted by: Jonas at Aug 31, 2006 11:54:05 AM
Oops! Skal være fiksa no, takk for tips!
Posted by: Are Halland at Aug 31, 2006 12:38:32 PM
Tilbaketråkk
Tilbaketråkk-URL for dette innlegget:
http://www.typepad.com/t/trackback/5781229
Bloggar som refererer til Firmablogg i all enkelhet:


