25. januar 2007
Mitt drømmebibliotek - eit skudd frå hofta ved hjelp av kjernemodellen
Nils Pharo ved HiO overtalte meg før jul til å halde eit innlegg på dagens Kunnskapsorganisasjon2.0 (sjekk også konferansebloggen). Av ulike grunnar måtte innlegget mitt i all hovudsak til på formiddagen i dag, då eg i full fart skulle komme opp konkrete skisser på "Bibliotekkatalogen sett fra nettdesignerens synsvinkel".
Då var det greit å ha kjernemodellen min å ty til - eller idéen om at design bør ta utgangspunkt i kjernen ("det finnbare objektet", eller "der brukaren ønsker å være"). Når ein først har identifisert kjernen er det langt lettare å designe gode vegar inn til kjernen og også naturlige vegar vidare.
Med denne tilnærminga var det iallefall lett å sjå at katalogen - eller denne OPAC som alle bibliotekfolk er så utroleg opptatt av, men som ingen andre skjønner eller bryr seg om - definitivt IKKJE er kjernen i biblioteket sett frå eit brukarperspektiv.
Les resten av "Mitt drømmebibliotek - eit skudd frå hofta ved hjelp av kjernemodellen"
25.01.2007, 22:31 i Informasjonsarkitektur | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(0)
22. januar 2007
Peter Morville på onsdag og torsdag
Informasjonsarkitekturens far og Mr. Findability Peter Morville setter seg straks på flyet for ein kort Norges-turne. Dessverre blir det ingen seanse med Morville på UXnet som tidlegare annonsert (han ville helst sleppe pga jetlag), og konferansen Kunnskapsorganisasjon2.0 er allereide fullteikna og vel så det.
Den einaste sjansen du har for å få med deg Morville er dermed NetLife Research sin Fagdag ;-) Vi nærmer oss målet på 100 påmeldte, men har fortsatt nokre plassar igjen. Meld deg på i dag hvis du ikkje allereide har gjort det!
Peter Morville er kanskje først og fremst kjent for boka Information Architecture for the World Wide Web - eller “Bibelen for informasjonsarkitektar” - som han skreiv saman med Louis Rosenfeld. Han er også opphavsmannen til diagrammet the User Experience Honeycomb, og seinast den banebrytande boka Ambient Findability. Peter bloggar jevnleg på findability.org.
22.01.2007, 15:45 i Informasjonsarkitektur | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)
6. april 2006
IA Summit Redux
17 stykk øltørste fagfolk tok turen innom 1-årsdagen til UXnet-meetup på Scuba bar i går, for å få med seg Jostein sin gjennomgang av dei viktigste temaene på årets IA Summit i Vancouver.


Presentasjonen til Jostein (PDF - 3MB) er herved gjort tilgjengeleg, og her er også ein kjapp oppsummering av hovudpunkta fritt etter hukommelsen:
Les resten av "IA Summit Redux"
06.04.2006, 20:53 i Informasjonsarkitektur, UXnet | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)
9. oktober 2005
Norske informasjonsarkitekter setter preg på Brussel
Følgande pressemelding er sendt ut til ein handfull norske medier, så får vi sjå om vinklinga faller i smak:
Les resten av "Norske informasjonsarkitekter setter preg på Brussel"
09.10.2005, 22:38 i Informasjonsarkitektur | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)
4. september 2005
Guide til Euro IA i Brussel
Programmet for den første europeiske IA-konferansen i Brussel er no omsider klart og lagt ut på euroia.org. Min kjære Mona har fått innpass til å snakke om "IA in Norway - Getting Media and Market Attention", og dei øvrige innlegga ser også ut til å halde høg kvalitet.
Så bli med meg og Mona til Brussel! Det er redusert pris for registrering fram til 8. september, og er du usikker på faglege kvaliteten på konferansen følger nokre kommentarar til nokre av dei 14 innlegga:
Les resten av "Guide til Euro IA i Brussel"
04.09.2005, 22:01 i Informasjonsarkitektur | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)
7. august 2005
Bli med til Euro-IA i Brussel!
Vil du lære meir om informasjonsarkitektur og relaterte problemstillingar? Gjekk du glipp av IA-summit i Montreal (og/eller dei fem foregåande IA-konferansane i Nord-Amerika)? Er du interessert i å møte heile det europeiske fagmiljøet på ein stad? Meiner du det er på tide å utfordre det amerikanske hegemoniet for IA-praksis og -teoriutvikling?
Uansett utgangspunkt har du mange gode grunnar for å komme til den første europeiske informasjonsarkitekt-konferansen i Brussel 15.-16. oktober. Temaet for konferansen er "Building our community", og eit naturleg utgangspunkt for å bygge fagmiljøet i Europa er å løfte fram europeiske bidrag til fagfeltet.
Europa - og Norden spesielt - ligg langt foran USA på mobile tenester og grensesnitt, og Norge har ein åpenbar posisjon ifht. emnekart. Kvifor ikkje hive seg rundt og sende ditt eige bidrag til konferansen? Call for Papers har utvida frist til 15. august - kven tar på seg å kome med norske innlegget om emnekart, Min side eller andre "norske" IA-fenomen?
Det endelege programmet for konferansen er ikkje klart før siste halvdel av august, men innledningsforedraget er ved professor Andrew Dillon - akademisk tungvektar med høgrelevante innsikter og glødande engasjement for fagfeltet. (Les t.d. Beyond Usability eller andre av Dillon sine mange publikasjonar for å bli overbevist).
Har du trøbbel med å argumentere til arbeidsgjevar for enda ein konferanse rett etter Yggdrasil? Prøv i tilfelle med at flybilletten til Brussel kostar ikkje all verda og krona er sterk, konferansen er billeg og går i helga utanom arbeidstid, det er mulig å dele dobbeltrom med andre nordmenn, og berre tenk på det nettverket! Nevnte eg forresten det faglige utbyttet?
Men det sikraste er sjølvsagt å levere eit bidrag sjølv. Alt du treng å vite finn du på www.euroia.org. Møtes vi i Brussel?
Sjå også: Guide til Eruo IA
07.08.2005, 22:41 i Informasjonsarkitektur | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)
15. juni 2005
Bibliotekfag + IA = Sant!
I dag har eg gleda av å delta i eit panel på Norsk Bibliotekforening sitt seminar om framtida til den bibliotekfaglege utdanninga i Noreg.
Utgangspunktet for seminaret er m.a. snakket om at bibliotekfaget er i krise, med stadig færre søkarar til m.a. bibliotekarstudiene ved HiO. Og det ville vore uendeleg trist om den bibliotekfaglege kompetansen skulle døy ut, no når etterspurnaden aldri har vore større etter kunnskap om organisering og gjenfinning av informasjon.
Hovudpoenget i mitt innlegg er difor at bibliotekfaget bør (må) satse på å ta den ledige posisjonen som den tydelege, akademiske basen for det framveksande fagfeltet informasjonsarkitektur.
Last ned presentasjonen som PDF
15.06.2005, 12:25 i Informasjonsarkitektur | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)
7. april 2005
IA Summit Redux
Eg lovte at eg skulle legge ut foilane mine frå i går, men ved nærmare ettertanke så er vel desse foilane fint lite verdt i etterkant. Vi satsa jo hardt på å ikkje gå i Powerpoint-fella og heller bruke bildemateriale og engasjement, slik at verdien av denne fila er heller lav i etterkant: ia_summit_redux_superbitsmeetup06042005.pdf
Betre då å sjølv gå til kjeldene; stort sett samtlege presentasjonar er tilgjengeleg på iasummit.org/2005/conferencedescrip.htm (klikk på titlane for å laste ned presentasjonsmateriell).
Les resten av "IA Summit Redux"
07.04.2005, 09:36 i Informasjonsarkitektur | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)
11. mars 2005
IA Summit - inspiration for a whole year
Back again from Montreal, still a bit jetlagged but totally impressed with the level of thinking going in this community. Four days of intense networking and immersion in IA topics has inspired me for at least a year to come. The following are some random notes about the conference from the top of my head:
Les resten av "IA Summit - inspiration for a whole year "
11.03.2005, 20:07 i In English, please!, Informasjonsarkitektur | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)
19. januar 2005
IA Summit - endeleg!
Eg har forbanna meg på at i år skulle eg få med meg IA Summit, og no har det endeleg gått i orden! Eg og kollega Karl Johan Sæth reise begge til Montreal i Canada i mars, delvis fordi vi har meldt på to posters til programmet. Karl Johan skal presentere ein poster om søkerapporten vår, og eg skal presentere ein om retorisk navigasjon, dvs. essensen av hovedoppgåva mi.
Spørsmål: er om det er andre nordmenn eller skandinavar som skal over? Gi lyd, så kan vi kanskje koordinere oss litt.
Men no, tilbake til oppgåva...
19.01.2005, 09:29 i Informasjonsarkitektur | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)
28. november 2004
Smart dame, Christina
"Mrs. Information Architecture", Christina Wodtke, har vore i byen og reist igjen. Her er ei oppsummering av presentasjonen ho haldt. Beklager at det blei litt langt; det som kjent lettare å skrive langt enn kort...
Les resten av "Smart dame, Christina"
28.11.2004, 22:51 i Informasjonsarkitektur, Superlim, Søk | Fastlenke | Kommentarar(5) | Tilbaketråkk(0)
18. august 2004
IA-sjekkliste
Louis Rosenfeld har satt opp ei enkel og grei sjekkliste for informasjonsarkitektur. Herved anbefalt!
18.08.2004, 11:20 i Informasjonsarkitektur | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)
20. mai 2004
Findability - gjenfinnbarheit?
Peter Morville (som skreiv IA-Bibelen saman med Louis Rosenfeld) introduserte for ei tid tilbake omgrepet "findability":
"Findability is about designing systems that help people find what they need."
Findability handlar altså om meir enn informasjonsarkitektur som fagdisiplin. Det Morville freistar å gjere er å plassere findability som ein eigenskap ved produktet, slik:

Morville meiner også at findability er like mykje ein eigenskap ved fysiske som digitale produkt, og har også lansert omgrepet "Ambient findability" for å dekke desse aspekta:
Ambient findability: the ability to find anyone or anything from anywhere at anytime
No har han også lansert ein nettstad for omgrepet på findability.org, der han dekker eit enormt breidt spekter av omkringliggande emner. Anbefalt ressurs!
Men kva i all verden skal vi kalle findability på norsk?
Les resten av "Findability - gjenfinnbarheit?"
20.05.2004, 21:20 i Informasjonsarkitektur | Fastlenke | Kommentarar(5) | Tilbaketråkk(0)
29. april 2004
Personleg informasjonsarkitektur
Strukturerer du CD-ane dine alfabetisk etter artist eller etter sjanger?
Informasjonsarkitektur er ikkje berre aktuelt for nettstadar og intranett; vi har like mykje behov for struktur i DVD-samlingane og i dei digitale festbileta våre.
Serien Hacking the Library av Kendall Clark på XML.com "tries to figure out if he can make the librarians and the geeks happy at the same time". Dvs. kva kan vi som lever ein digital livsstil (eller som er litt nerdete av oss, som det også heiter ;-) lære av informasjonsstruktureringsprinsipp som er utvikla av bibliotekarar gjennom uminnelege tider.
Les resten av "Personleg informasjonsarkitektur"
29.04.2004, 09:46 i Informasjonsarkitektur | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(1)
22. april 2004
IA-biblioteket er ope!
Det finst eit utal ressursoversikter og emnekatalogar av varierande kvalitet innanfor fagområdet brukaropplevingar.
I dag opna enda ein slik oversikt, i regi av Asilomar Institute for Information Architecture (AIfIA), der også underteikna er medlem.
Biblioteket er utvikla som ein semesteroppgåve av to av IA-studentane til Peter Morville, og kjem komplett med alfabetisk emneoversikt, søk og introduksjonsmateriale for foreløpig 176 utvalgte ressursar på 4 ulike språk.
22.04.2004, 09:55 i Informasjonsarkitektur | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)
25. mars 2004
Emnekart for informasjonsarkitektar
Lars Marius Garshol i Ontopia har gjort eit nytt, tappert forsøk på å forklare kva emnekart (TopicMaps) eigentleg er for informasjonsarkitektane på SIGIA-L.
Tidlegare forsøk har ikkje gått like bra, men denne artikkelen kan kanskje bidra til å frelse det internasjonale IA-miljøet:
Metadata? Thesauri? Taxonomies? Topic Maps!
Artikkelen tener også som eit godt utgangspunkt for å få eit innblikk i den heller kronglete meta-diskursen om metadata.
(Igjen: takk til Karl-Johan for tipset)
25.03.2004, 11:03 i Informasjonsarkitektur, Metadata | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)
6. mars 2004
PPT-bonanza frå IA-Summit
Banna bein: neste år skal eg få med meg IA-Summit! Årets konferanse i Austin, Texas måtte utgå for mitt vedkomande, både fordi eg hadde andre ting å tenke på og fordi konferansebudsjetta ikkje er like omfangsrike som i hine, glade dotcom-dagar.
Presentasjonsmateriellet frå årets IA-Summit er heldigvis meir enn ei fattig trøst.
06.03.2004, 22:53 i Informasjonsarkitektur | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)
20. februar 2004
Kok havet!
Kom over denne fantastiske lista over IA-sjargong som Jeffrey Veen i AdaptivePath har samanstilt etter å ha djupdykka i informasjonsstrukturen til eit større finansforetak.
Eit eksempel, forsøksvis omsett til norske forhold:
Koke havet, v. (Boil the Ocean): Å prøve å løyse alt for mange problem med eit overambisiøst prosjekt, som typisk resultererer i komplett fiasko. Det typiske dømet CMS- og/eller portalprosjektet som prøver å skvise ein heil, inngrodd gigantorganisasjon inn i eitt, nytt, massivt verktøy, komplett med innhald, prosessar og arbeidsflyt. "Kom igjen, lat oss berre hjelpe personalavdelinga på nett med desse skjemaene; vi treng ikkje å koke havet heller".
20.02.2004, 20:40 i Informasjonsarkitektur | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)
9. oktober 2003
OBS! IA-meetup blir Superlim!
Viktig melding til alle som har meldt seg på IA-meetup 15. oktober: IA-samlinga på Lorry kl. 19 utgår, i staden møtes vi til samme tid under paraplyen "Superlim" i lokala til Netlife Research i Hoffsveien 1A på Skøyen.
"Superlim" har ambisjonar om å bli eit fagleg og sosialt nettverk for alle som jobber med interaksjonsdesign, informasjonsarkitektur, usability m.m. Initiativtakarar er Elizabeth Strand (Making Waves), Øystein Gutu (Userminded), Tone Terum (Telenor Mobil) og Jostein Magnussen (Netlife Research).
Agenda for oppstartsmøte:
- Hva har vi tenkt og gjort til nå?
- Trenger vi et slikt nettverk?
- Hva er dette i forhold til andre forum, foreninger og nettverk?
- Hva kan nettverket gjøre for oss alle?
- Hvem skal det være for?
- Formelt eller uformelt: hva ønsker du?
- Arrangementer?
- m.m
Så møt opp i lokala til Netlife Research i Hoffsveien 1A, (sjå kart) klokka 19, onsdag 15. oktober.
09.10.2003, 15:55 i Informasjonsarkitektur, Superlim | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)
7. oktober 2003
Brukarvennleg informasjonsarkitektur
Her er presentasjonen om "Brukervennlig informasjonsarkitektur" som eg og Mona heldt for "Nettredaktørskolen" på Westerdahls i kveld:
Under presentasjonen blei det etterlyst meir informasjon om kortsortering (Card Sorting) og cluster-analyse. Her er nokre gratis-verktøy som automatiserer desse prosessane: IBM EZSort, CardZort/CardCluster samt WebCat. Du kan også bruke Excel til å analysere data. Full oversikt over verktøy på iaslash.
Meir informasjon om kortsortering kan du finne m.a. på iawiki.net/CardSorting
07.10.2003, 22:31 i Brukskvalitet, Informasjonsarkitektur | Fastlenke | Kommentarar(3) | Tilbaketråkk(0)
3. oktober 2003
IA-meetup 15. oktober!
Kor mange informasjonsarkitektar finst det i Oslo? 15. oktober kan vi finne det ut, for då er det internasjonal meetup-dag for informasjonsarkitektar!
Føler du for å ta ein heilt uformell øl på ein pub i Oslo med andre informasjonsarkitektar, bør du:
- Melde deg som interessert, og bli med å påvirke kvar vi skal møtast. Registrer deg helst med fullt navn, og skriv også 2 setningar om kvar og kva du jobbar med.
- Spre Ordet om IA-meetup 15. oktober til alle kollegaer, konkurrenter, kundar, venner og andre som burde være med.
Eg har satt meg sjølv opp som vert for evenementet, og tar også på meg å koordinere etter behov og svarer på spørsmål sendt til meetup[krøllalfa]halland.us.
Spørsmål og svar om meetup:
- Kva pokker er meetup?
Meetup.com er ein nettstad som muliggjer lokale, fysiske samlinger av folk med felles interesser. Meetup er altså rett og slett ein enkel måte å fasilitere uformelle treff mellom likesinna, i dette tilfellet informasjonsarkitektar.
- Kostar dette pengar?
Nei. Det er 100% gratis å melde seg på eit meetup-treff. Men for å være med å foreslå punkter til agenda o.l. koster det litt spenn å bli meetup+-medlem (som eg altså har lagt ut for min del)
- Kor finn eg meir info?
Les FAQ-en til meetup. Du kan lese meir om konseptet bak meetup på meetup.com, som forøvrig er utvikla av mine heltar i 37signals.
Vel møtt 15. oktober kl. 19!
03.10.2003, 10:21 i Informasjonsarkitektur | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)
3. september 2003
Til atters med telenor.no
Eg har tenkt litt meir på saken, og er fortsatt overbevist om at nye telenor.no er eit stort steg tilbake i forhold til foregåande versjonar. Denne vesle saken er difor oversendt redaksjonen i digi:
(Siste: Kommentaren er no også publisert på digi under vignetten min "brukarfokus".)
Les resten av "Til atters med telenor.no"
03.09.2003, 09:19 i Artikkelsamling, Brukskvalitet, Informasjonsarkitektur | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(3)
2. september 2003
Nye telenor.no...
...suger! Det er iallefall min umiddelbare reksjon...
Den nye forsida til Telenor.no er så gjennomsyra av avsendarfokus og kampanjer, at det sannsynligvis berre er marknadsavdelinga i Telenor som kan elske den.
Eg har cirka 1000 andre førstereaksjoner på redesignet og reknar med å komme tilbake til saka når eg har fått tenkt meg litt om, men dette er ikkje bra...
02.09.2003, 15:18 i Informasjonsarkitektur | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)
1. september 2003
Avsendarfokus i portalar
Ser at Anders Ericson på Blogg og bibliotek har havna i eit særdeles interessant ordskifte med både hovedaksjonær og dagleg leiar Tor-Arne L. Jensen i TS ProCon og journalist Eva Tønnessen i Computerworld.
Les min støtteerklæring her:
Les resten av "Avsendarfokus i portalar "
01.09.2003, 21:09 i Informasjonsarkitektur | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)
7. august 2003
Privat eller bedrift? Fort!
NexGenTel og NetCom er to av mange som skiller knallhardt mellom privat- og bedriftskundar på nettet. Men kva med alle som har heime-abonnement via jobben??
Vanligvis er det ein Lur Ting(TM) å optimalisere innhaldet sitt for ulike klart definerte målgrupper, men ei altfor overtydelig målgruppeinndeling kan også ha uintenderte og negative effektar.
Les resten av "Privat eller bedrift? Fort!"
07.08.2003, 23:26 i Informasjonsarkitektur | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)
16. mai 2003
Informasjonsarkitektur på kjøkkenet
Vi har nett installert nytt kjøkken frå Ikea, og medan min kjære Mona reviderte plassering av hyller, koppar og kar, slo det ho for ein fruktbar metafor kjøkkeninnredning kan være på informasjonsarkitektur. Ettersom vi begge jobbar innanfor same fagområdet, tok det ikkje lange tida før vi hadde kome fram til ein lang rekke parallellar:
Les resten av "Informasjonsarkitektur på kjøkkenet"
16.05.2003, 05:37 i Informasjonsarkitektur | Fastlenke | Kommentarar(5)

