25. mars 2004
Emnekart for informasjonsarkitektar
Lars Marius Garshol i Ontopia har gjort eit nytt, tappert forsøk på å forklare kva emnekart (TopicMaps) eigentleg er for informasjonsarkitektane på SIGIA-L.
Tidlegare forsøk har ikkje gått like bra, men denne artikkelen kan kanskje bidra til å frelse det internasjonale IA-miljøet:
Metadata? Thesauri? Taxonomies? Topic Maps!
Artikkelen tener også som eit godt utgangspunkt for å få eit innblikk i den heller kronglete meta-diskursen om metadata.
(Igjen: takk til Karl-Johan for tipset)
25.03.2004, 11:03 i Informasjonsarkitektur, Metadata | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)
6. mars 2004
Eksemplariske dømer
Note to self: Ta vare på desse døma til seinare bruk.
- Minimalt tillitsvekkande informasjonsdesign frå Det internasjonale instituttet for informasjonsdesign (IIID)
- Søk på hhv. "bruchetta oppskrift" (307 treff) vs "bruschetta oppskrift" (132 treff) på Google avslører at norske oppskriftsnettstader definitivt burde investere meir både i utvikling av kontrollerte vokabular og i intern korrektur. Tine stavar det t.d. på begge måtar. Heller ikkje det så veldig tillitsvekkande.
06.03.2004, 18:56 i Informasjonsdesign, Metadata | Fastlenke | Kommentarar(2) | Tilbaketråkk(0)

