2. oktober 2006

Design for multikanal på onsdag!

Beklager sein invitasjon til UXnet-meetup denne gongen, men temaet burde være av stor interesse: kordan skape gode brukaropplevingar på tvers av kanalar som web, print, butikk og kundeservice? Trekløveret Kjetil Manheim, Eirik V. Johnsen og Roar Eriksen frå Tarantell har til saman 30 års erfaring med strategi og design for multikanal, og innleder til debatten med eigne perspektiv og erfaringar.

Onsdag markerer også ein slags "debut" for Fredrik Matheson som co-ambassadør for UXnet i Norge. Fredrik har master i interaksjonsdesign frå AHO og er til dagleg interaksjonsdesigner i Bekk. Han har eit imponerande overblikk og nettverk, og ein perfekt ambassadør for tverrfagligheit.

Beklageligvis ser det ikkje ut til at eg sjølv får muligheit til å bli med på onsdag, men både Fredrik og ikkje minst min bedre halvdel Mona vil være på plass saman med resten av fagmiljøet.

Så vel møtt til Scuba bar onsdag 4. oktober fra kl. 18, og husk å gi beskjed om du kjem eller ikkje!

02.10.2006, 21:43 i UXnet | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(0)

13. juni 2006

Sju metaforar for samspel mellom PDA og PC

PdapcLitt forsinka pga. fotball-VM og det fine veret, men her kjem ein liten UXnet-oppsummering likevel:

14 interesserte sjeler fikk med seg forrige onsdags UXnet-meetup, der Ole Andreas Alsos tok for seg ulike metaforar for samspill mellom handheldte einingar (PDA, mobil, o.l.) og pc.

Ole Andreas er til dagleg rådgjevar innanfor fagområdet brukervennlighet og design i Steria. Presentasjonen var baserte på hans eigen diplomoppgåve, Exploring interface metaphors for using handhelds and PCs together, avlagt ved NTNU våren 2005.

Last ned presentasjonen PDAvsPC_Alsos_UXnet_070606.pdf (4MB).

Diplomen tok utgangspunkt eit konkret case frå St. Olavs-hospitalet i Trondheim. Scenariet var ein konkret pasient-lege-situasjon, der legen skal presentere røntgen-bilder fra sin eigen PDA på pasienten sin Windows Media-baserte pasientterminal.

Med dette som utgangspunkt, samt  utforska han sju forskjellige metaforar for samspel mellom dei to einingane, mellom andre:

Les resten av "Sju metaforar for samspel mellom PDA og PC"

13.06.2006, 20:58 i Navigasjon, UXnet | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

16. april 2006

Abonner på UXnet-kalenderen

Du kan no abonnere på UXnet-kalenderen - den komplette oversikten over alle norske evenement relatert til brukeropplevelse - via RSS eller iCal-feed. Eller som det står å lese på uxnet.no/wiki:

Ved hjelp av denne RSS-feeden og en passende RSS-leser (f.eks. Bloglines eller lignende) kan du enkelt følge med på det som skjer av relevante aktiviteter uten å surfe rundt på uxnet.no/wiki hele dagen: 
UXnet-kalenderen som RSS-feedUXnet-kalenderen som RSS-feed 

Hvis du bruker iCal eller et kompatibelt kalenderprogram (f.eks. Google Calendar eller Mozilla Calendar for Firefox), kan du sette opp et abonnement her slik at evenementene automatisk dukker opp din kalender:
UXnet-kalenderen som iCal-feedUXnet-kalenderen som iCal-feed

Kalenderen er gjort tilgjengeleg via Google Calendar, og diverse personar rundt om kring i landet har i løpet av påska fått (sannsynlegvis ein smule kryptiske, beklager det ;-) invitasjonar til Google Calendar og dermed også muligheit til å oppdatere eller legge til evenement i kalendaren.

Kort om UXnet-kalenderen:

Her finner du alt av norske konferanser, seminarer og andre aktiviteter med relevans til den store, tverrfaglige sekkeposten "brukeropplevelse". Savner du noe eller oppdager feil, gi beskjed til are(krøllalfa)halland.us. Kalenderen administreres av UXnet - User Experience Network som en gratis tjeneste til det norske fagmiljøet. Les mer om UXnet på uxnet.no/wiki og uxnet.org.

16.04.2006, 14:38 i Tverrfagleg, UXnet | Fastlenke | Kommentarar(2) | Tilbaketråkk(0)

6. april 2006

IA Summit Redux

17 stykk øltørste fagfolk tok turen innom 1-årsdagen til UXnet-meetup på Scuba bar i går, for å få med seg Jostein sin gjennomgang av dei viktigste temaene på årets IA Summit i Vancouver.

Jostein - lenke til flickr (Foto: Frank Dahle)Forsamlinga - lenke til flickr (Foto: Frank Dahle)

Presentasjonen til Jostein (PDF - 3MB) er herved gjort tilgjengeleg, og her er også ein kjapp oppsummering av hovudpunkta fritt etter hukommelsen:

Les resten av "IA Summit Redux"

06.04.2006, 20:53 i Informasjonsarkitektur, UXnet | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

2. mars 2006

Søkemotorvennleg UXnet-meetup

Stor takk til Roar Eriksen som tok utfordringa og stilte opp på kort varsel for å spre ordet om etisk søkemotoroptimalisering for UXnet-meetup.

Her er presentasjonen til Roar (PDF, 278kB)

Roar overraska positivt på mange slags vis (slik Jarle også ser det - les hans oppsummering her), og er definitivt tilgitt for å at foredraget varte i vel to timar.

Mitt inntrykk var at dei vel 20 frammøtte var delt omtrent i to like store leirar:

  • ein interessert, men stort sett stille halvdel som satte pris på litt "voksenopplæring" om eit heller ukjent fagområde
  • ein meir teknisk orientert halvdel som stort sett stod for spørsmål, digresjonar og diskusjon, satte også pris på innhaldet

Eg reknar meg sjølv ein stad i midten her, relativt oppegåande om ikkje 100% inne i alle finurligheter om den siste Google-dansen og dei siste teoriane om vekting av rangeringsfaktorar. Uansett trur eg både eg og andre sat igjen med ny kunnskap, bl.a. at

  • Tekst lagt oppå eit bakgrunnsbilde kan være 100% lesbart for folk, men likevel bli ignorert av søkemotorar dersom tekstfargen ikkje skiller seg meir enn 3% heksadesimalt fra bakgrunnsfargen på sida
  • Den klassiske kalender-kontrollen (som lar brukaren navigere fram til desember 2999) fungerer som ein rein spider-felle og kan hindre resten av nettstaden å bli indeksert
  • Meta keywords og meta descriptions kan faktisk gjere store utslag på rangering, gitt at det er gjort riktig (bl.a. maks 15 ord, som må ha relevans til innhaldet på sida)

Men det viktigaste poenget er sjølvsagt at søkemotoroptimalisering først og fremst handlar om godt innhald, god navigasjon og generelt godt handtverk ifht. å følge utbredte standardar.

PS! Roar ba meg også legge ut denne, "så man kan se hva man skal bruke sesam til :)"

02.03.2006, 22:09 i Søkemotoroptimalisering, UXnet | Fastlenke | Kommentarar(2) | Tilbaketråkk(1)

24. februar 2006

Bra søkemotoroptimalisering?

Roar Eriksen etterlyser dømer på god søkemotoroptimalisering i forkant av UXnet-meetup neste onsdag:

Er det mulig I forkant av møte og få de som kommer til å sende meg eksempler på sider de mener er bra optimalisert. Så skal jeg kose meg med litt analyser, og vise noen resultater av evt forbedringspunkter på ting jeg ville gjort annerledes?

Forslag, anyone?

24.02.2006, 10:45 i UXnet | Fastlenke | Kommentarar(7) | Tilbaketråkk(1)

22. februar 2006

Søkemotoroptimalisering - gode, onde og grusomme aktørar og metoder

Førstkomande onsdag er det søkemotoroptimalisering som er tema på UXnet-meetup. Roar Eriksen frå Online Services innleiar til det som burde kunne bli ein svært så interessant diskusjon ;-)

Roar gir ein kort introduksjon til temaet søkemotoroptimalisering (eller SEO om du vil). Han tar også for seg status for SEO på norske nettstader og ikkje minst litt om status for SEO-bransjen i Noreg.

Diskusjonen i etterkant burde etter mi meining ta som utgangspunkt at ein del grunnleggande SEO-teknikkar er heilt nødvendige bestanddelar i verktøykassa for oss informasjonsarkitektar, designarar, interaksjonsdesignarar m.m.

Det som imidlertid bør kunne diskuterast, er kor vidt og eventuelt kordan vi bør samarbeide samarbeide med ein bransje som etter fleire si meining opererer i ei etisk gråsone.

Sjølv har eg tidlegare vore svært kritisk til både Online Services og SEO-bransjen generelt. Mitt innlegg var forøvrig inspirert av Arve Bersvendsen sitt innlegg om søkemotoroptimalisering fra skyggesiden. (Anbefaler forøvrig sterkt å lese kommentarane til Arve sitt innlegg for å danne deg dine eigne oppfatningar om saken.)

Uansett er Roar Eriksen ein engasjert og oppegåande mann, med stor kunnskap om temaet (digi omtaler han som "en av skandinavias ledende eksperter innenfor området"). Han har jobba for m.a. Google, Telenor, Startsiden, Yahoo, Eniro og Findexa.

Møt opp og ta diskusjonen på Scuba Bar førstkomande onsdag kl. 18!
Den faglige delen starter cirka 18.30.

Påmelding her

(PS! Dette innlegget blir skrive med 38,9 i feber - forbehold om feberfantasiar!).

03.03:  Oppsummering her

22.02.2006, 20:01 i Søkemotoroptimalisering, UXnet | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(1)

2. februar 2006

Bok-orgien oppsummert

Gårsdagens UXnet-meetup utarta som forvernta til ein veritabel bok-orgie, der Fredrik Matheson stod for brorparten av ingrediensane. Min eigen trillekoffert med bøker, Jostein Magnussen sin slunkne plastpose og Ivar Lyngves tre bidrag kom kvantiativt sett sørgeleg til kort mot Fredrik sine fem stappfulle ICA-bæreposar.

Fleire bilder på flickr Fleire bilder på flickr Fleire bilder på flickr

Les resten av "Bok-orgien oppsummert"

02.02.2006, 20:50 i UXnet | Fastlenke | Kommentarar(4) | Tilbaketråkk(1)

31. januar 2006

UXnet dissekerer bøker

Er du som meg, så lever og ånder du til dagleg i ein digital informasjonsomgivnad. I den evige jakta på dei beste kjeldene for fagstoff og inspirasjon til design av brukaropplevingar kryr det av bloggar, magasin, og e-postlister som overdynger oss via rss-feeds og e-post.

Men det er ikkje til å kome unna at det av og til er nyttig å koble av frå den evige, fragmentariske straumen av digital informasjon, og heller lese ei god bok. Bøker har stive permar, taktilitet, høgare oppløysning, ro til å framføre og fordøye både eit og fleire heile argument. Og sjølv om boka (o, skrekk!) skulle være utgitt for opptil fleire år sidan, kan det godt tenkast at det er vel så godt tankegods likevel.

UXnet-meetup onsdag 1. februar er difor via utelukkande til analoge medier (som riktignok i stor grad omhandler digitale medier). Fredrik Matheson, Jostein Magnussen og underteikna har tatt eit kritisk blikk på sine bokhyller, og plukka ut eit antal bøker og andre inspirasjonskjelder mellom to permar.

Eg har tidlegare forsøkt å sette opp ein kanon for brukaropplevingar (sjå "litterær kanon" forklart på wikipedia). Håpet er at vi i løpet av onsdagskvelden kan kome opp med ein betre og meir tilpassa over kva bøker som er essensielle, f.eks. med utgangspunkt i følgande liste:

  • tidenes klassiker
  • årets "must" 2005
  • mest inspirerende bok
  • beste interaksjonsdesignbok
  • beste informasjonsarkitekturbok
  • beste generelle bok om brukaropplevingar
  • beste designbok
  • beste inspirasjonskjelde frå andre fagområder
  • beste skjønnlitterære inspirasjonskjelde
  • beste innføringsbok
  • ditt forslag?

Møt opp på Scuba bar frå kl 18 og utover, så finn vi ut av det i fellesskap.

Påmelding og meir informasjon på meetup.com

31.01.2006, 22:26 i UXnet | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

7. desember 2005

Lavrans Løvlie på torsdag!

Overbringer på kort varsel to spennande forelesningar:

Designers as a new breed of entrepreneurs

To spennende foredrag som belyser hvordan
designere nå påvirker organisasjoner.

Torsdag 8. desember kl 19.00, gratis adgang,
på Auditoriet på AHO, Maridalsveien 29

Les resten av "Lavrans Løvlie på torsdag!"

07.12.2005, 18:31 i UXnet | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

4. desember 2005

Min Side ikkje utsatt likevel

Fornyings- og administrasjonsminister Heide Grande Røys har utsatt lanseringa av Min Side, til eit visst spetakkel. UXnet-meetup om prosjektet går imidlertid som planlagt.

Så møt opp på Scuba bar onsdag 7. desember, og få med deg informasjonsarkitekt Eystein Vigerust i Software Innovation sitt innlegg om "brukerinvolering i Norge.no/Min side". Eystein har gitt beskjed om at han ikkje rekk fram før kl 19.30, men møt gjerne opp frå kl 18 og ta ein pils eller tre med fagmiljøet før det (og gjerne etterpå også).

Meld deg på her.

Barnevakt er forhåpentligvis i boks, dermed stiller både eg og Mona på onsdag. Vi snakkast!

Oppdatering: Influensaen herjer i heimen, og både eg og Mona må likevel stå over i kveld. Jostein Magnussen er imidlertid på plass som vertskap for kvelden.

Kva er UXnet-meetup?
UXnet-meetup er eit uformelt samlingspunkt for fagmiljøet for "oss som steller med informasjonsarkitektur, innholdsutvikling, interaktiv design, interaksjonsdesign, produktdesign, usability, brukervennleghet eller hva vi nå velger å kalle det". Lauselig organisert av UXnet via meetup.com, møtes vi første onsdagen kvar månad på Scuba bar. Bli med du også, da vel!

04.12.2005, 21:59 i UXnet | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

3. november 2005

Presentasjonar frå brukervennlighetsdagen

Takk til alle foredragsholdere og vel 80 frammøtte som gjorde Verdens brukervennlighetsdag til ein skikkelig suksess i dag!

Her er er dei presentasjonene eg har fått tillatelse til å legge ut så langt:

Oppdtatering: Foredraget til Gunnar Bråthen om Tilgjengelighet for alle andre (PDF, 2,1mb) er tilgjengelig via eguiden.no.

Var du på seminaret? Gi gjerne ros og ris i kommentarfeltet.

03.11.2005, 21:40 i Brukskvalitet, UXnet | Fastlenke | Kommentarar(3) | Tilbaketråkk(0)

27. oktober 2005

Gratis og brukervennlig seminar

Worldudaysquare3. november er Verdens brukervennlighetsdag, og her i Oslo blir dagen markert med eit gratis seminar der du kan få med deg eit fint knippe av særdeles interessante foredrag og case-studier:

  • Ekte norsk = dårlig brukervennlighet ved Laura Arlov, Wordfixers
  • Nytteverdien av brukersentrert utvikling ved Jan Heim, Sintef
  • Brukervennlige forretningsprosesser ved Ragnvald Sannes, BI
  • Case: Selvangivelse på nett, ved skattedirektør Bjarne Hope, Skatteetaten
  • Brukervennlighet for alle, ved redaktør Gunnar Bråthen, eguiden.no
  • Case: Hvordan brukervennlighet på nett har bidratt til Norwegians suksess, ved IT-direktør Hans-Petter Aanby, Norwegian

Det vil også bli gratis servering av både mat og kaffi, takk være sponsorane Bouvet, Bekk, Making Waves og NetLife Research, mens WM-data sponsar flotte lokaler i Utdanningsetaten sitt konferansesenter på Helsfyr.

Tid: Torsdag 3. november, kl. 13-17
Stad: Utdanningsetatens konferansesenter, Strømsveien 102 (like ved Helsfyr t-bane)
Pris: Gratis, inkl. mat og kaffi

Påmelding og meir informasjon hos Dataforeningen/BITS
(Påmeldingsfrist tirsdag 1. november)

Arrangementet må kunne karakteriserast som eit ekte skippertaks-samarbeid mellom UXnet (ved underteikna og Jostein Magnussen) og BITS (ved Marianne Johansen). Stor takk også til alle foredragsholdarar som stiller opp gratis og på kort varsel!

PS! Konferanselokalet har plass til 130, men ting tyder på at vi kan bli fullbooka i god tid før påmeldingsfristen tirsdag førstkomande. Så meld deg på i dag!

27.10.2005, 15:14 i Brukskvalitet, UXnet | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

2. oktober 2005

Haster: Møtestad i sentrum, anyone?

Førstkomande onsdag er det UXnet med Kjersti Corneliussen, temaet er kommunikasjon i designprosessen. Problemet er berre at Christian Kvart, der vi har avheldt tidlegare treff, fortsatt ser ut til å være stengt!

Spørsmålet er difor: Veit du om ein anna serveringsstad i sentrum som:

  • er relativt sentrumsnært, med gangavstand frå buss/trikk/t-bane
  • har eit eigna rom vi kan låne gratis, eller der vi iallefall kan vere aleine første onsdag i månaden frå 18-21
  • rommet bør ha plass til cirka 20-30 personar, i ei form for gruppering der det er mulig å prate saman
  • det bør være mulig å kjøpe øl/drinkar/farris/mat/o.l.
  • rommet bør ha muligheit for å slenge opp ein prosjektor om nødvendig, og gjerne ha nettforbindelse (eller wlan i nærheita).

Det siste punktet er det minst viktige.

Gi forslag som kommentar til denne artikkelen, eller send e-post til are[KRØLLALFA]halland.us. Takk!

Oppdatering: Scuba bar er stedet, med WLAN og alt. Takk til Sarah for tips!

02.10.2005, 22:29 i UXnet | Fastlenke | Kommentarar(2) | Tilbaketråkk(0)

27. september 2005

Ting skjer

Mykje interessante på tapetet framover på kalenderen på uxnet.no:

  • 28. september: AHO arrangerer åpent hus i anledning Forskningsdagene. Tema: Design for alle sanser, med bl.a. Joel Leonard og Timo Arnall. Program som PDF 
  • 29. september: Last Thursday: Det norske folks medievaner - og hvorfor i all verden Microsoft lanserer sitt Media Center i norsk versjon nå i høst? Med Geir Geir Holm, Talk Consulting og Pål Jensen, Microsoft.
  • 3. oktober: UXnet m/Kjersti Corneliussen. Tema: Kommunikasjon i designprosessen.
  • 10.-11. oktober: Yggdrasil, Tønsberg
  • 15.-16. oktober: Euro IA , Brussel 
  • 2. november: UXnet  m/Eystein Vigerust. Tema: Norge.no/Min side.
  • 2. november: Hva er god design? Kveldsmøte i regi av Norsk Form. Trygve Ask er fungerende instituttleder ved Institutt for industridesign, og presentasjonen tar utgangspunkt i hans doktorgrad.
  • 3. november: Verdens brukervennlighetsdag - norske arrangement under planlegging 
  • 10.- 11. november: 2. Konference om Informationsarkitektur (DK-IA2, Klarskovgaard, Korsør. "Arrangeret af DFs Forum for Informationsarkitektur i samarbejde med Bibliotekarforbundets IT-faggruppe."

27.09.2005, 13:22 i UXnet | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

8. september 2005

Adaptiv UXnet-meetup om søk

Gårsdagens UXnet-meetup endte som ein suksess, trass i verst tenkeleg utgangspunkt. Ikkje berre kræsja det med Norge-Skottland; når vi dukka opp på Christian Kvart viste det seg å være stengt(!). Dårleg planlegging på fleire nivå, med andre ord, men effektiv og koordinert omprioritering gjorde at cirka 10-12 frammøtte raskt kunne innta kjellaren på Kaffistova som alternativ lokalisering.

Pharo_modellDermed kunne Nils Pharo (eller "dr. søk" som eg liker å kalle han, definitivt utan godkjenning frå hans side ;-) frå Høgskulen i Oslo legge fram bakgrunn, funn og hovudmodellen frå sin doktorgrad om søkeprosessen.

Modellen til venstre (klikk for større versjon) oppsummerer hovudfaktorane som inngår i søkeprossen, og danna utgangspunkt for mange interessante diskusjonar undervegs.

Min forsøksvise oppsummering er at websøk er eit ekstremt komplekst problem, som definitivt ikkje kan løysast utelukkande med teknologi og algoritmer (sjølv om det også er veldig viktig).

Vi var innom m.a. pedagogiske behov  i grunnskulen, klustring og andre typar post-filtrering, logg-analyse, designutfordringar, muligheiter for å "tweake" relevans gjennom kunnskap om domene, innhold, brukarar, osv.

Diskusjonen viste også at møte mellom akademia og utøvarar er svært fruktbart og frister definitivt til gjentaking.

Alt i alt ein særdeles triveleg og interessant sesjon, som til slutt endte opp på Eilifs rett over gata og litt sørgepilsing etterkvart som det blei meir og meir klart at skottane trakk det lengste strået på Ullevål.

Til alle som prioriterte annleis i går kveld: det byr seg nye sjansar til å møte resten av fagmiljøet 5. oktober, då er temaet kommunikasjon i designprosessen m/Kjersti Corneliussen. Vel møtt!

Meir bakgrunn:

  • Doktoravhandlinga til Nils Pharo har tittelen "The SST Method Schema: a Tool for Analysing Work Task-Based Web Information Search Processes" og blei avlagt i 2002.
  • Avhandlinga kan lastast ned i fulltekst frå Universitetet i Tampere, Finland.
  • Kortversjonen finner du i denne artikkelen frå Information Research, Vol. 10  No. 1, 2004.
  • Du kan også laste ned presentasjonen til Nils frå i går som transitt.pdf (109KB). (Tips: Trykk Ctrl+L så får du fullskjermvisning i Adobe Acrobat!)

08.09.2005, 21:52 i Søk, UXnet | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

7. september 2005

UXnet/SuperBitsMeetup i kveld

Kjapp info følger:

  • Først av alt: Navnet SuperBitsMeetup er herved gravlagt, fra no av heiter det UXnet.
  • Så langt har 15stk aktivt meldt seg på kveldens evenement på Christian Kvart. Har du ikkje gjort det enno, sjekk ut opplegget og meld deg på her.
  • Ser at enkelte har trekt seg fordi det kræsjer med Norge-Skottland. For dei som prioriterer slik bør det imidlertid være fullt mulig å få med seg begge deler, iallefall halve førsteomgang og heile andreomgangen på storskjerm etter den faglige delen ;-)
  • Vi er no to lokale ambassadører for UXnet: Jostein Magnussen i Netlife Research og meg sjølv.
  • Og sist men ikkje minst, sjekk ut nye www.uxnet.no. Etter inspirasjon fra seansen om Adaptive Design er nettstedet lagt opp som ein wiki, der kven som helst kan bidra.

Så snakkes vi i kveld?

07.09.2005, 13:56 i UXnet | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

4. september 2005

Få med deg Nils Pharo på onsdag

Minner om onsdagens evenement på Christian Kvart: Dr.Soc.Sc. Nils Pharo (eller Dr. Søk om du vil) ved Høgskulen i Oslo står på programmet, og deler sine innsikter om søk og søkeprosessen basert på sin eigen doktorgrad om temaet.

Som vanleg møtest dei som ønsker det rett etter jobb frå 17 og utover for middag med fagmiljøet. Vi andre som et middag heime møter opp frå kl. 18 og utover. Den faglege delen starter som vanleg 18.30.

Meld deg på her!

Vel møtt!

04.09.2005, 22:10 i Søk, UXnet | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

3. august 2005

SuperBitsMeetup utsatt til september

Dei det gjeld har forhåpentligvis allereide fått med seg at dagens planlagte SuperBitsMeetup utgår pga. fellesferien. Neste samling blir onsdag 7. september, og programmet framover ser dermed slik ut:

7. september - Nils Pharo om søkeprosessen
Nils Pharo kan med rette kalle seg "Dr. søk". Han er førsteamanuensis ved Høgskulen i Oslo, og avla i 2002 doktorgrad ved Universitetet i Tampere på The SST Method Schema: a Tool for Analysing Work Task-Based Web Information Search Processes.

5. oktober - Kjersti Corneliussen om kommunikasjon i designprosessen
Kjersti Corneliussen er interaksjonsdesigner i Makingwaves, og i master-oppgåva frå universitetet i Brighton har ho sett på kordan innsikter frå kommunikasjonsteori kan betre kommunikasjonen mellom designer og kunde. Kjersti held ein fulldags workshop på årets Yggdrasil-konferanse om samme tema; vi får kortversjonen.

03.08.2005, 11:54 i UXnet | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

30. mai 2005

Din UXnet-ambassadør

UxnetSom nevnt på forrige SuperBitsMeetup er underteikna oppnevnt til lokal ambassadør i Noreg for UXnet. UXnet står for User Experience Network, og er ein internasjonal paraply-organisasjon for heile det tverrfaglege feltet "user experience" (eller brukeropplevelse på norsk):

User Experience (UX) is an emerging field concerned with improving the design of anything people experience: a web site, a toy, or a museum. UX is inherently interdisciplinary, synthesizing methods, techniques, and wisdom from many fields, ranging from brand design to ethnography to library science to architecture and more. (uxnet.org)

Problemet for fagfeltet har inntil no vore at ein lang rekke aktørar og interesse-organisasjonar har krangla om kven som "eig" fagfeltet - i staden for å samarbeide for å bringe alle saman eit steg vidare. Dette er det UXnet har sett seg som mål å gjere noko med.

Les resten av "Din UXnet-ambassadør"

30.05.2005, 21:20 i Tverrfagleg, UXnet | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(0)